Utvidet busstilbud 2018

Det er satt opp ekstra nattbussar i kommunane Molde, Fræna, Eide og Aukra under jazzveka.

For rutetider og informasjon, bruk FRAM-appen, sjå frammr.no, ring FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00 eller besøk Molde trafikkterminal.
Alle rutene med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal.

Som tidlegare vil det vere avgangar i Molde med rutene med rutene 701 til Djupdalen, 701 til Årølia, 702 frå Hatlelia via Nordbyen og 714 til Hjelset/Kleive. I tillegg køyrer rute 420 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 531 til Jendem, Hollingsholm og Malmeskiftet. Rute 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad vil køyre ved behov. – Det vil også vere ekstra avgangar inn til Molde sentrum på kvelden.
Det er fint om publikum har billetten i FRAM-appen, kortet eller kontantane lett tilgjengeleg når dei går om bord.

Endra køyremønster i sentrum
På grunn av konsertar i Alexandraparken og gågate i sentrum, køyrer ikkje nattbussen forbi Quality Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Last ned nattbussinfo:
Nattbussanemoldejazz2018 A4 Siste

Bli med i trekningen av 4 stk. 2-dagerspass til Romsdalsmuseet i jubileumsåret 2020!
I samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune og Østlandsforskning lager Moldejazz en ringvirkningsanalyse. Vi ber i den sammenheng pent om at du bruker 5 minutter på å svare på noen spørsmål.