Jubelblues
Rabbajazz
Full rulle! – konsert med snert!
Barne- og familiekonseptet Jubelblues har truffe ein innertiar med å spele blues for born
Jubelblues er gøy for både små og store, og på konsertane kan alle delta. Her handlar det om å bruke spontaniteten sin på ein leikande og inkluderande måte.
Jubelblues starta då rhythm and blues-bandet Good Time Charlie fekk ein framifrå idé om å lage eit musikkprosjekt på dialekt for born i alle aldrar. Sidan den gong har Jubelblues spelt mange hundre konsertar, gitt ut fire barneplater, laga syng-med-videoar til songane og gitt ut musikkbøker til platene. Musikken er energisk rhythm and blues, tekstane er på vestlandsdialekt, og songane er lette å synge med på. Her kan alt skje – og alle kan vere med.
I 2023 fekk Jubelblues Sogn og Fjordane mållag sin Målpris. Grunngjevinga var at bandet lagar fengande musikk for born på nynorsk, og at Jubelblues er ei viktig nynorskrøyst i barnekulturen.
Jubelblues har eit sterkt engasjement for rhythm and blues som musikkform, og fartar landet rundt med ein unik evne til å skape trygg og kreativ kontakt med publikum. Konsertane er fulle av humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi.
I 2021 blei Jubelblues
plukka ut til Kulturtanken si satsing «Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken». Dei har spelt på ei lang rekkje festival, òg har vore mykje brukt på turnear for Kulturtanken og DKS, og songar frå platene ligg på spelelistene til NRK Radio Super.
Dei fleste born likar god rockemusikk, men visste du at bluesen var starten på rocken?
Jubelblues sine konsertar passar for heile barneflokken – frå 0 til 100 år.
Arle Hjelmeland – song, munnspel, kazoo Steinar Karlsen – gitar, song Morten Skage – bassgitar, song Einar Olsson – trommer, song